Vedtektene ble sist endret på Årsmøtet 2012
1 FOSSHØGDA GARD
Fosshøgda gard er Bondeungdomslaget sin ferieheim/gard i Målselv
2 STYRET
Fosshøgda skal ha eit styre på 5 medlemmer slik at 2 er på val kvart år. Ein av dei blir vald til leiar for 1 år. Styret har 2 varamedlemmer som er på val kvart år. Alle skal veljast på årsmøte i Bondeungdomslaget.
Styret har ansvaret for eigedom og drift av Fosshøgda gard i samsvar med vedtatt budsjett. Styret har ansvar for at Rekneskap og budsjett blir lagt fram for Rådet og for årsmøte i Bondeungdomslaget.
Arbeidsoppgåva er mellom anna
• ansvar for vedlikehald
• ansvar for utleige av ferieheimen
• forvaltning av jakt- og fiskerettane i samsvar med godkjente reglar
• ansvar for drifta av skogen
3 FERIEHEIMSTYRAR/GARDSTYRAR
Styret skal tilsetje ferieheimstyrar/gardstyrar som skal ta seg av dagleg tilsyn og vertskapsfunksjonar i samsvar med kontrakt og i samarbeid med styret.
Kontrakten skal underskrivast av leiaren i Bondeungdomslaget.